Bønder og byfolk i mellomalderen:

Folketalet auka i mellomalderen.
På 1000-talet rekna historikarane at Norge hadde om lag 170 000 innbyggjarar,
300 år seinare levde det mellom 300 000 og 450 000 menneske i landet,
Dei fleste var bønder, for på denne tida budde det berre 15 000- 20 000 menneske i byane.
Grunnen til at folketalet auka kan ver at fiskeressursane i havet vart utnytta betre og at nye
driftsmåtar og betre reidskaper gjorde det muligt å produsere meir mat.
Som argument for det siste viser historikarane til at der stadig vert rydda nye gardsbruk i mellomalderen.

Under mellomalderen vert det rydda omlag 5000 nye gardsbruk og folketalet auka.
Det var på Austlandet folketalet auka sterkast.Grunnen til dette var fordi det var fordi her var det masse jord som kunne ryddast.
Det var og gamle gardar som blei delte, dette helst på vestlandet der det ikkje var så mykje ny jord som kunne ryddast.
Under vikingtida var dei fleste bøndene sjøleigarar, men under mellomalderen skifta mykje jord eigar,
og i år 1300 var det meste av jorda i Norge leiglendigsjord.
Ein sjølveigar eide den garden han dreiv og ein leiglendig leigde jord av andre, og måtte betala ei avgift/landskyld.
Alle gardar var taksert ei viss landskyldverdi, omlag ein seksdel av avlinga på garden.
I år 1300 eide kyrkja 40% av landskylda, adelen 15-20%, kongen 5-10% og bøndene om lag 30%.
Grunnen til at bøndene var leigelendingar var mange. På 900-1000-talet tok kongane mange av gardane til motstandarane,
det same sjedde når kristendommen vart innført. All jord som ingen eigde var og kongen sitt, så når folk rydda ny jord
blei dei leigelendig under kongen. Det var og mange som gav kyrkja deler av garden som sjelsgåve,
då hadde prestane og munkane i plikt til å be til gud om at sjela til givaren skulle få ei kort tid i sjelsilden.
Derfor vart kyrkja den største jordeigaren i mellomalderen.

Fleirtalet av bøndene betalte landskyld, og alle betalte skatt til kongen.
Dei var pliktig til å halde vegar og bruer ved like, når det braut ut krig var dei soldatar i leidangen og måtte
betale våpen ,skip og mat sjølve. Dei måtte og stilla hestar til disposisjon for kongen, både i krig og fred.
Bondefamiliane levde av det dei produserte på garden. På årlige marknader bytte bøndene korn med fisk
frå kystbygdene eller smør frå fjellbygdene, der folk hadde lite korn.
På 1200-talet måtte bondefamiliane gi om lag 20% av det dei produserte til kongen, kyrkja og adelen.
Husdyrhald var også livsviktig for bøndene, frå dyra fekk dei kjøtt og melk til mat, og skinn til klede og sko.

Det var fire viktige byar i mellomalderen: Nidaros, Bjørgvin, Tunsberg og Oslo.
I delar av året budde kongen i byen og han bygde kyrkjer og kongsgardar, kongen gav og eigne bylovar
og byane fekk eigen administrasjon. I byane var dei viktigste bygningane i stein men elles var husa bygd i tre.
Folk som budde i byane skilde seg frå bøndene, men dei hadde felles handelsiteresser og byfolka var avhengige
av at bøndene kunne levere mat til dei.