Laga av Ådne, Tove og Anne Marthe. HOVUDMØNSTERET I VIKINGFERDENE



vikinger_krig.gif


Vikingferder

I dag trur dei fleste på teorien om at vikingane drog på ferder fordi det var mangel på dyrkbar jord. Det var som oftast storbønder og høvdingar som leia ferdene, rikdommane dei sikra seg brukte dei til å kunne leve som rike menn heime i Noreg, dei haldt store drikkegilder der utallige gjester kunne ta for seg det dei ville.

Vesterveg

Det heile starta med at me fekk ein jern alder i Noreg på 700-talet. Då fekk me reiskapar og verktøy som hjelpe til å skape betre avlingar. Dette førte til at me fekk ei valdsam folkeauke i Noreg. Så rundt 100 år etter var det ikkje nok mark til å mette alle. Vikingane starta derfor å reise vestover for å finne meir jord og mat.image010.jpg
Tidlig på 800-tallet reiste vikingane vestover. Først og fremst Færøyane, Irland og England. Fan dei ut at det ikkje berre var ny dyrkings områder og mat der. Skatar og rikdom var noko dei fann. Det var nemlig kloster og smålandsbyar som ikkje kunne forsvare seg som hadde mange rikdomar. Vikingane slo seg ned å danna byar. Der var også norske og danske Vikingar som reiste enda lengre sørover til Frankrike og middelhavsområde. Etter som tida gjekk slo Irane og Danskane seg saman, og kring år 900 vert Nordmenn drivne bort. 1066 vert vikingferda slutta for godt på Harald Sigurdsson tapte slaget om Engeland på Stamford Bridge. 1066 vert også rekna som då Vikingtida slutta.
Vikingskipa som vikingane brukte låg høgt på vannet, kunnes ro og var enkle å manøvrere. Skipa kunne lett gå opp små elver slik at dei kom seg langt inn i landet. Dei var utsyrt med handtak slik at skipa kunne dragast over landområde slå dei slapp å reise store omvegar. Som for eksempel mellom Sandeid og Ølen.

Meir info om vikingskipa:
http://www.saltenmuseum.no/content/view/311/46/


image002.jpg



Austerveg

Austerveg var ein betegnelse på landa som låg i aust, og det å dra på vikingferd mot aust. Allereie før år 800 hadde svenske nybyggjarar slått seg ned langs kysten av Finland, Estland og Latvia. Utover på 800-talet drog dei innover i Finland, dei segla oppover i småelvar, og er dei ikkje kunne segla drog dei skipa med seg.

Dei vikingane som drog mot aust skattla og handla med slaviske finsk-ugriske og andre folk langs elvar og innsjøar mellom Austersjøen, Svartehavet og Kaspihavet. Vikingane i Austerveg var veldig opptatt av å få tak i slavar og pels. Dei skaffa seg også voks, rav, tjøre og honning som dei kunne selja i Norden og til arabiske og bysantiske kjøpmenn. Når vikingane skulle bytte varer med arabarane skjedde det på handelsplassar langs Volga. Arabarane betala helst med sølvmyntar og silkestoff frå Kina og Persia. Dette var varer som va etterspurde i heile Europa. Hovudmålet med handelen i sør var den bysantiske hovudstaden Konstantinopel, på norrønt kalla Miklagard. Det let mange av vikingane seg verve som leigesoldatar i livgarden til keisaren.
Meir om Austervegen: http://no.wikipedia.org/wiki/Austerveg
external image 33876_435862860805_627790805_5734429_6569371_n.jpg

Leiv Eiriksson.




Leiv Eiriksson var ein oppdagingsreisande mann som er huska for å ha oppdaga Nord-Amerika rundt år 1000. Leiv Eiriksson hadde eit mannskap, og dei til saman var truleg dei første europearane som gjekk i land i Amerika, på eit område som seinare har blitt identifisert som Newfoundland.



Fil:Christian-krohg-leiv-eriksson.jpg
Fil:Christian-krohg-leiv-eriksson.jpg

På biletet: Leiv Eiriksson oppdagar Amerika.


Leiv Eiriksson blei truleg født på Island i år 973. Han var son av nordmannen Eirik Raude frå Jæren og kona Tjodhild. Leiv hadde to brør, Torvald Eiriksson og Torstein Eiriksson. Hadde også ei halvsøster, Frøydis Eiriksdotter. Som ung vart Leiv Eiriksson sett bort til fostring hos ein germansk mann på Island, som heitte Styrkar eller Tyrke. Han var ein klok mann som lærte Leiv å skrive runeskrift og andre framande språk. Lærte også om handel, handtering av våpen, kunnskap om planter og forteljingar frå fornalderen. Då Leiv var 12 år gammal flytta han heim igjen til faren.


I ein alder av 20 år fekk Leiv sitt eige skip og mannskap for å kunne seile til Noreg. Undervegs dreiv han av og vert verande på Suderøyane, nordvest for Skottland mens han ventar på bør til Noreg. Mens han ventar treff han ei kvinne som heiter Torgunna. Til ho fekk han eit intimt forhold til. Då Leiv skal reise vidare igjen, vil Togunna vera med han på reisa. Men Leiv vil ikkje dette. Då fortel ho til han at ho er gravid, og at det kanskje er ein son. Han vil ikkje ta ho med på reisa. Han lovar ho at når barnet blir født skal ho få sendt han til Grønland. Som avskjedsgåve får ho ein ring, ein grønlandsk vadmelskappe og eit tannbelte frå Leiv.


Om hausten i år 999 kom Leiv fram til Noreg, då den kristne Olaf Tryggvason var konge. Heile vinteren vart Leiv verande i Noreg. Han let seg sjølv bli kristen og døypt. Om våren i år 1000 var Leiv klar til å reisa tilbake att. Då han var klar til å reisa, gav Olav Tryggvason ein bønn og eit vanskeleg oppdrag til Leiv. Oppdraget gjekk ut på at Leiv skulle kristne heile befolkninga på Grønland. Kristninga gjekk sin gong, unntatt ein mann som heiter Eirik Raude. Han var for gamal til å endre det han trudde på.



UTFORSKING AV LAND VEST FOR GRØNLAND.

Det er to kjelder for kva vi faktisk veit om Leiv Eiriksson, ”Eirik Raudes saga” og ”Grønlendings saga”. Begge sagaene fortel om den same historia om dei same hendingane. ”Eirik Raudes saga” fortel at Leiv kom ut av kurs og kom til Vinland. Medan ”Grønlendings saga” fortel at Leiv sette seil frå Brattalid omtrent frå år 1000 for å følgje Bjarne Herjolvssons ruta med eit mannskap på 35 mann. Grønlendingssaga fortel at Leiv ville ha faren sin med på turen som leiar. Eirik Raude vart overtalt til å vere med. Då Eirik skulle ri ned til skipet, snubla hesten og Eirik falt av hesten og blei skada. Eirik måtte då vere heime, og vart ikkje med på turen. Leiv vart då leiar for ekspedisjonen. Etter å ha seila nordover langs kysten av Grønland, kom han til eit land dekt av isbrear og flate steinheller. Han kalla dette for ”Helleland”. Lengre sør kom han til eit land som var flatt og kledd av skog, med kvite sandstrender. Det var ikkje beitemarker der. Dette kalla han for ”Markland”.



Fil:Viking at MN Capitol.jpg
Fil:Viking at MN Capitol.jpg


På biletet: Leiv Eiriksson-statue i nærheita av Minnesota State Capitol i St. Paul.



VINLAND.
Etter Markland seila dei vidare sørover i to dagar, og kom då til eit nytt land der dei gjorde landgang. Dette landet var svært innbydande. Landet var rikt.
I Vinland bygga Leiv Eiriksson eit skikkeleg langhus for vinteren. Det var aure i elvane, torsk i sjøen, klimaet var mildt med lite frost om vinteren. Graset var grønt året rundt. Det var gode markar og det var rike skogar som dekka landet.


Fil:Vinland-travel.jpg
Fil:Vinland-travel.jpg

På biletet: Kart som viser sjøvegen til Vinland.


I 1964 erklærte den amerikanske presidenten Lyndon B. Johnson den 9. oktober for å vera ”Leif Erikson Day” i Dei forente stater, men i dag lærer amerikanarane framleis at Christofer Columbus gjenoppdaga Nord-Amerika.
Vis du ville prøve deg som Viking : http://www.yourway.no/hjem/index.php/historiske-ekspedisjoner/vikingtokt